Denne veka har gått med på å stelle med
ein sjuk tenåring. Han har fått influensaen,
stakkar. Og no startar eldsteguten med feber og
dårleg form. Litt kjedeleg no når vinterferien
startar og så vert ein sjuk.
På eine butikken her som heiter Baronessa, så finn
ein altså så mykje fint. Må liksom berre kjøpe seg
noko kvar gong ein er innom. hehe
Denne gongen vart det eit flott grønt
skrin som vart med meg heim.
Nydeleg grønfarge og fint rosemotiv på.
Veit ikkje heilt kva eg skal fylle det med ennå, så i mellomtida
har eg lagt i to lysmansjetter som eg har kjøpt på -nille.
Veit heller ikkje om dette skal få stå på badet eller soverommet
ennå. Men det bestemmer eg meg vel for når eg ser kva
som skal få bu i dette skrinet. :)
Og siden det er helg så må ein jo få seg litt snack også.
Eg har fått heilt dilla på tørka frukt. Sikkert ikkje så
veldig sundt, siden fruktsukker inneheld så mykje karbohydrater
men søren og, noko må jo eg også få kose meg med. hehe
Eg er så heldg at eg har fått meg endå fleire følgare,
Ønskjer også alle som er innom og leser her ei
superfin helg. :)
.