På tide med ei ny oppdatering her ja.
Beklager at det har gått så lang tid siden sist. Men nett no for
tida så sliter eg med sjukdom både med meg og eine
guten min. Så då har bloggen blitt vekkprioritert.
Men her i forrige uke fekk eg koseleg besøk av ei
venninne. Og ho hadde med seg ei superfin besøksgåve til meg.
Fekk denne fine puta ho hadde kjøpt til meg på Kids.
Trur nesten eg må opp å kjøpe meg nokre fleire. For
dei var veldig fine i sofaen min. Fin liten fargeklatt. :)
Viser den fine puta i lag med den kvite som eg hadde frå før av.
Eg har og kjøpt meg ennå ei strikkebok.
Denne gongen er det Julekuler frå Arne og Carlos.
Dei er så flinke å lage fine oppskrifter desse to.
Men no må eg rydde litt på kjøkkenet. Eg held på å pusse
det opp, har holdt på i 14 dagar no. Så eg håpar at eg snart får
det ferdig. Kjenner det er lite kjekt å ha eit kjøkken som ikkje er
fullt ut funksjonelt ja.
Men manglar forsatt det nye golvbelegget. For klarte jo sjølvsagt å
bestille feil der. Men heldigvis så er Fargehandlaren min snill og
ordnar dette til meg. :)
Lovar at det ikkje skal gå så lenge til neste innlegg kjem.
Er jo tida for julepyntproduksjon no. :)
Ha ein fin dag alle sammen.
.